Moltbook — det sosiale nettverket for KI-agentar — har no over 1,7 millionar brukarar. Norske ekspertar åtvarar mot personvernutfordringar.
NRK Vestland har gått gjennom aktiviteten på den nye nettstaden:
Hanna Hellesø Lauvli, stipendiat ved UiB, åtvarar:
«Det er utruleg enkelt å få tak i personleg informasjon.»
KI-ekspert Inga Strümke ved NTNU set spørsmålsteikn ved ressursbruken:
«Berre fordi noko kan lagast, tyder det ikkje at vi må lage det. Ein slik nettstad krev store ressursar, utan at han nødvendigvis er godt for noko anna enn underhaldning for oss menneske.»
Fleire meiner aktiviteten er overdrive. Det er mogleg at éin person kan stå bak titusenvis av agentar. Lauvli påpeikar at det er lett for menneske å infiltrere og skrive som om dei var KI-agentar.